mandag 7. mars 2011

Å gå på skule i USA

Endeleg, vi har huskontrakten underskreve og no er alt klart for skulestart.  Silja skal på Beck Junior High og Snorre skal gå på Cinco High School.
Sjølv om vi har venta i ein halv evighet, så viser det seg at vi likevel ikkje er heilt klar. Snorre sitt vitnemål er ikkje oversatt til engelsk. Vi fikser det til neste dag og så oppdager vi at det er 9.klasse vitnemålet vi har fått oversatt. Går det an å rote så innihampen mykje?
Det ordner seg jo alltid, kodane på faga frå 9. og 10. er like og Cinco godtek det. JIPPI!
Snorre går på ein skule med over 3000 elever. Silja sin skule har kun ca 1500 elever. Ho får og ein BeckBuddy som heiter Aleah, ei jente som hjelper ho dei første dagane.


Skuledagen til Silja starter kl 06:46 og skulebussen stopper rett utanfor huset vårt.


Skulebuss i er supert i grunn. Sjåføren kjenner kven som kjem på kor, og skal du tildømes vere med ei venninne heim ein dag, må du gi lapp til sjåføren. Silja synes det er greit å ta buss til skulen og at ho vert henta på ettermiddagen. Då er det stapp full buss og ho har ikkje kome til bråkenivå ennå, mht språk. Snorre tar buss begge veier. Han kunne igrunn ha sykla, eller gått- men det er greit med buss og. Silja og eg er ikkje heilt fornøgd med formen på bussen hennar.
Vi skulle gjerne sett at det var ein gamal type buss med skikkeleg nase. Bussen hennar er meir moderne utan nase. Når skulebussen stopper stopper all trafikk på begge sider av bussen. Du kan få bot dersom du ikkje stopper 20 fot frå ein skulebuss med blinkande lys.

Amerikansk skule er ein overgang. Her er det måling av alle leveranser. Målet er 100%. Testar  og quizz er det heile tida. Silja syntes det var vanskelig i begynnelsen å ha så lite kontroll over kva som var forventa av henne.  Den første veka var voldsom. Silja kom heim med mattelekse: 40 ulike oppgåver som skal reknast ut manuelt. Ho har eit valgfag som heiter Wheel som inneber at ho har 6 veker med ulike fag. Silja dumpa inn i siste veke med spansk. Det var eit sjokk. Ein lærar som berre snakka spansk og lekse var 45 spanske ord der bokstavene skulle ordnast slik at dei gav meining. Ei heilt umogeleg oppgåve for mor og datter som aldri har vore i stand til å sei noko anna en SI på spansk. Leksene vart løyst ved svært god hjelp frå Leroy, vår gode nabo. LeeRoy løyste alle orda så nær som eit. Det siste ordet fekk han berre til å bli djevel på spansk og det trudde han ikkje det kunne vera. Sim salabim, - den dagen vart Silja flinkaste elev mht. spansk lekse.



Det gjeld om å få 100 % , eller iallefall 95%. Korleis ein får dette er litt ulikt. Snorre fekk 90 % rett på geografiprøve der han hadde alt rett, men hadde ført opp eit ekstra svar (som var rett) på arket.  Det kan gi 110 % på andre skular og opparbeiding av credits, medan ein andre gonger kan svare alt rett utan å få 100% berre fordi ein ikkje har tatt med noko ekstra. Moralen er vel at ein får gjere sitt beste og så får % vere det den blir.

Sist veke hadde Silja sin skule gun-man øvelse. Det håper og trur vi er litt å overreagere, men men. Elevane måtte sitte muse stille under pultane i mørkt klasserom. For nokon var dette ein vanskelig øvelse.

Å vente i Houston.

App 4005 er flott og vi har det meste vi treng: kjøkken, stove, 3 soverom, alle med bad. Anlegget har treningsenter og badebasseng.Vi tenker at vi berre skal bu her ei kort tid, men dagane går fort. Den korte tida er plutseleg blitt ein måned.Fordi vi ikkje har fått permanent bustad, betaler Statoil utgiftene våre. Luksus, i denne tida er vi mykje rundt på ulike restauranter.




























Husjakt har hatt propritet nr 1:
Silja har fått litt kald slush på veg til eller frå eit hus. Luci som var dama som viste oss hus, ville gjerne ha oss til Sugarland. Vi voksne var betatt av dei fine husa og hagene der, men Silja og Snorre var negative. Dei ville bu i Katy.


Etter å ha sett x-antall hus, får Silja og Snorre det siste ordet og vi gjer beskjed om at vi vil ha 4103 Garden Cove.
Det tar lang tid synes eg. Alle har sååå uendeleg god tid. Silja og eg drar på besøk på Beck. Vi er spente og litt nervøse begge to, men dei er snille og vennlege. Avhengig om Silja skal begynne i 6 eller 7. Treng ho ei ekstra sprøyte. Ho må ha språktest og sist men ikkje minst, vi må ha kontrakt signert.



Mandagen etter drar vi til skulen der dei tester mht språk. Silja gjer det bra, men vil få ekstrahjelp mht språk i språktimane. Snorre er for god og kjem ikkje inn under det ekstra tilbudet.

Vi venter og venter. Silja designer kjoler som ho skal sy. Vi ser på CakeBoss  på tv og drømmer om alle dei gode kakene vi skal lage når vi kjem i hus.

Noko av ventetida vart korta ned med shopping metoden. En vel utprøvd metode som jammen meg virker kvar einaste gong.

Det er siste dag i januar og vi er superklar for å starte vår nye USA kvardag med hus vårt.

Å fly til Houston. Januar 2011

Det å flytte frå Norge til USA i jula, er når sant skal seiast ikkje ein lur ting å gjere. Det er noko med jul, enten ein liker det eller ikkje, og det å flytte betyr alt anna enn julekos.

Dagane, dvs nettene på Gamlaverket var ok, men sjølv om frukosten og brødet på Gamlaverket er supert, så vert ein litt lei etter tre dager. Vi hadde ikkje tid til å kose oss slik vi hadde tenkt. Silja var stort sett med Tonje. Det var kjempetrist for henne å sei hade og reise frå bestevennina. Aurora var og lei seg for at vi skulle reise så langt vekk. Hennar mulighet for å komme heim ei helg var vekke. Vi var trøtte og litt lei oss heile gjengen, lite soving den siste natta. Vi reiste tidleg , tidleg om morgonen. Litt seinare på dagen reiste Aurora til København og Mikkel til Nummedal.

Klarte med finpakking å få alt inn i bilen. På flyplassen fekk Inu ein pille og blei så satt i buret sitt.  Då vi gjekk opp trappa for sikkerhets kontroll, kunne vi høyre henne.
Den nyinnkjøpte macèn måtte bli stempla slik at vi kunne få att moms. Det var ikkje lett å finne ein tollar på jobb kl 05 om morgonen. Etter litt springing fram og tilbake, drassande på ei 18 kg stor, uhamseleg pakke,- fant eg ein tollar som stempla papiret.



Det var eit lite fly til Frankfurt og Inu blei difor plassert på eit sete inne i kabin. Ho var stille. Vel framme i Frankfurt kom det ein mann og henta henne. Det var godt å sjå at han bar ho forsiktig ut medan han kikka på ho og smilte. Vi kunne sjå at han viste ho fram til to andre og dei smilte alle. Han sa sikkert: " Sjå på denne vesle, søte kvalpen" - på tysk sjølvsagt.

Ved boarding til Houston flyet får vi beskjed om at Inu hadde vore blindpassasjer, Sola hadde gløymt å ta betaling for hennar reise. Om vi vil ha henne med, må Alv ut av flyplassen og kjøpe billett. Vi vil ha henne med, Alv spring ut, vi andre sjekker inn på Lufthansa til Houston.


Turen til Houston går greit. Vi er trøtte og vi sett pris på dei gode setene vi har slik at vi kan sove. 1.klasse er ikkje så god som sist, synes vi, men det er likevel godt å vere rik.
Vel framme i Houston er vi så klare for å finne Inu at vi heilt gløymer å ta med oss den nye macén vår. Alv er mannen mot strømmen  og det ordner seg.
Det er sikkert mykje som skal gjerast  for dei som sjekker oss inn i landet,- det tar veldig lang tid.  Vi hadde fått beskjed om at Inu ville vere på cargo terminalen, men tilfeldigvis ser Alv at ho står i ein krok i ankomsthallen. STOR gjennsynsglede og veldig trøtt Inu.
Ein sjåfør frå Rocet Limosincervise venter på oss. Det tar enda lenger tid, for på spørsmål om eg har hundemat, svarer eg som sant er ja. All bagasje må scannast på ny,- eg klarer ikkje å huske kor eg putta den lille resten av tørrfor i det vi drog frå Sandnes.



Vi blir kjørt til 2020 Eldrigde Parkway, til eit leilighetskompleks eller kanskje det heiter Gated Community. SAN BRISAS.

søndag 6. mars 2011

Å flytta til Amerika. Desember 2010


Når to som har etter beste evne har elska og æra kvarandre i ein evighet, saman går opp på loftet med store søppelsekkar under armen, kunne ein tru at dette var vegen til den hemmelege julegåve verkstaden i Smeaheiveien 12, men det er det ikkje. Om nedskrevne desember ord handler om pepperkaker og julegløgg, så er dette annleis. Dette er nærare ein katastrofe enn ei vakker førjulstemning.

I fjor hette katastrofen svineinfluensa. Då stod vi og hutra og fraus i sprøytekø rundt Gisketjørn og vi fekk alle eit lite stikk. Ein ganske enkel sak igrunn, men litt rart å stå i sprøytekø med gode naboar. Om det gjorde oss godt, e ikkje godt å sei, men ser ein attende på året som har vore, må vi tru det.


I år derimot, heiter katastrofen "Å flytta til USA". Om ein samanliknar  med svineinfluensa, så er dette ein mykje meir krevande prosess. Vi har alle fått opptil fleire nye stikk i armen, vi er målt og voge. Hadde vi vore vanlege dyr hadde verdien på den einskilde auka med fleire tusen.




For å komme inn i USA treng ein visum. Sidan vi ikkje orka å tenkje på at kanskje ein fotograf kunne gjort dette på ein enkel og grei måte, og sidan Alv hadde så flott nytt kamera ,- så tenkte vi at dette e enkelt. Dette klarer vi fint sjølv.



Oppskrifta var : Kvit bakgrunn, ikkje smil og øyrene skal visast. Resultatet vart forferdeleg, sjølv om Alv sine øyrer vises.





Om dette ser ut som om det vart gjort fort og greit så er det nok eit bevis på at bilete lyg. Ein evighet tok det. Eg var tilogmed til fotografen med dei for utprinting, men fotografen meinte at dei ikkje ville bli godkjente,- riktignok på grunn av knudrete peisbakgrunn. Det var då vi fant fram laken.







 Det er nesten utruleg at vi fekk visum. Eg ser jo ut som eit spøkelse eller eg kunne ha passa som omslagbilete til  "Den enfoldige morderen". "Den glade famile" kunne kanskje passe?





Sjølv om det å flytte til Houston ikkje eigentleg er ein katastrofe, så er det alt som følger med, som gjer at det blir ein følelse av det. Alt som skal og må ordnast før vi kan seje oss vel til rette i "bissniss"setene våre på flyet. Rydding kasting og sortering må til. Å få gjort tre ting på ein gong er sjølvsagt i det meste laget for nokon av oss, og at det er lett, er det iallefall ingen som har sagt. Sjølv om vi har elska og æra i lang tid, eller kanskje nettopp difor, har vi passert den tida då vi helst gjorde alt saman. Difor tenkte eg ein dag at ein ekstra innsats åleine, kunne vel ikkje skade, men det kunne den. Stakkars Alv, kjem syklande heim frå jobb, trøyt og sliten. Kald på hendene var han og. I gangen står det 17 svarte søppelsekker som er i kategori raud = kast. Eg hadde jo frakta alle desse sekkane ned frå høgaloftet, så dei var godt knyta att, - likevel klarer han, uvisst av kva grunn å opne den eine. Av 17 søpellsekker opner han sjølvsagt den, der eg med eit lite uhell har stappa den grøne ulveungeluva hans opp i. 

Katastrofe før middag. Enda vi har elska og æra kvarandre sååå leeenge, så stolte han ikkje på meg då eg sa at dette heilt sikkert var den einaste av hans private ting som eg hadde kasta. E det mulig, tenkte eg. Vi har ikkje tid til å dobbeltsjekke alt heller, -og kven skal bruke den luva liksom? Barnebarn? Kvelden var igrunn spolert då han i den 2. posen fann medaljen frå Birken. Stemninga var ikkje veldig mykje lettare då han med mykje dårleg skjult ironi i stemmen tilbyr seg å pakke inn alle mine medaljer i rosa silkepapir slik at dei ikkje tek skade i denne flyttinga. Phuu- medaljer liksom,-kven bryr seg?


Då gjekk eg på tur med hunden. Alle som er sur og lei på mannen eller noko anna, burde få seg ein kvit hund med svarte auge. Ein ven som alltid er einig med meg og som alltid tenkjer at eg har rett. På turen kan eg fortelje fortelje henne korleis det eigentleg er; sannheten, på ein måte. Eg kan og fortelje henne ting som ikkje er heilt sanne, for liksom å teste ut korleis det høyres ut å få sagt det. Når ein etter ein slik tur kjem heim att, så er det nesten umogeleg å vere sur lenger fordi ein alltid bruke den snille stemma når ein snakker med hunder. Slik normaliser ting seg nesten av seg sjølv, og  sjølv om Inu er liten, så treng ho turer fleire gonger kvar dag.


Sjølv om det meste ikkje er heilt som det skal, denne jula, så vart det jul og mykje fin snø fekk vi og. Som vanleg var vi på strandtur på julafta. Det skjerper apetitten og er på ein måte vår gode tradisjon. No er Silja blitt så stor og at ho har forstått at dess lenger vi venter, dess lenger kan vi holde den gode julestemninga. Etter var fine strandtur, reiste vi heim og pynta oss, før vi reiste til Inger og Tore, Kristin og Tor Erik. Kjempekoselig og deilig å bli invitert i år. Godt med julafta i ein møblert heim.














Den raraste jula vi har hatt, kanskje, - iallefall ikkje veldig avslappande. Sidan vi hadde flybillettar der det stod 3. januar på, så vart det slik denne jula. Pakking,pakking og pakking. Innimellom leita vi etter viktige dokument som visum og pass som liksom plutseleg var borte,- eit lite øyeblikk. Den siste veka budde vi på Gamlaverket. God frukost var nødvendig når hus skal tømmast.
Å flytte tre år til Houston er lenge, likevel er lengden litt avhengig av perspektivet ein har. For Inu, er det kjempelenge. Ho kjem til å vere meir amerikansk spisshund enn japansk spisshund då ho kjem tilbake. For meg derimot, er 3 år nærmast ikkje å merke. Kanskje litt blåleg skjær i håret eller innkjøpte cowboy sko,- eg veit ikkje heilt. Silja og Snorre skal gå på skule og vil få ein ganske så stor overgang. Ryktet fortel at det er litt meir pes med prøver og slikt. Om ein reknar 3 år ut frå normal nabo samver på haust og vinter, er heller ikkje tre år noko å tenkje på. Det er viktig å ha det rette perspektivet med andre ord.
Likvel er det mange tanker vi tek med oss på flyet. Kor skal vi bu?, korleis vil det bli?, vil vi trivast i varmen? Kven vil besøke oss når dei må reise såå laaangt?
Inntilling er og viktig. På Silja si little wipeboard tavle skriv ho ned ting ho vil huske til neste dag. Ein dag før jul stod det: Husk å vær glad!
Når alt kjem til alt er vi veldig glade for denne muligheten vi har fått. Me håper det skal bli tre kjekke år å sjå tilbake på.