Jeg vet en deilig have hvor roser står i flor,
- kunne ho sunge til meg i telefonen.
Men kanskje fordi det var ein av dei litt for varme dagane, då det nesten er uråd å gjere noko ting, -så var det ein tekstmelding som kom frå Elin;
"Blir du med til Brookwood? Har lyst å ta bilder med mitt nye kamera"- stod det.
Ho hadde nyleg hatt bursdag og fotogal som ho er, var ho no eigar av eit proff Nikon.
Brookwood Community er ein flott plass og som har noko å tilby uansett årstid.
Her kan psykisk utvikla utdanne seg til å arbeide i gartneri og til å bli servitør. Praksis får dei i den gode lunch restauranten som dei har der.
Eg har jo ikkje eige kamera og ikkje kan eg fotografere, men lyst har eg nesten alltid. Iallefall har eg alltid lyst til ein god lunch. Det er iallefall sant.
Elin hadde med seg store og små linser og stort stativ,- eg tok med Alv sitt kamera. Sidan det var blomar vi skulle fotografere stilte eg for første gong inn kameraet på blome teiknet, - hjulet oppe på kameraet.( Eg e jo ikkje heilt noldus heller!)
Men fine er dei, - det skal dei ha. Eg synes alle er fine eg!
Det er mogeleg at dette har noko med alder å gjere, for det kjennes ut som dei liksom blir finare for for kvart år som går. Slik føles det iallefall.
Mor mi er 86 år. Ho elsker blomar.
![]() |
| Ein knupp, det finaste som finnes, |
![]() |
| - men tenk å vere så vakker rett før ein dør |
| Hibiscus er namnet og dei høyrer til Malvacae familien. Ein stor og fin familie. |
Brookwood Community (1752 FM 1489 Rd, Brookshire, TX 77423)


