fredag 20. juni 2014

I never promised you a rose garden...

Og sant får vere sant. Det er eg aldri blitt lova, - men eg tenkte at det kanskje kunne vore litt mindre piggar ute, når vi to først skulle på weekend tur åleine, Alv og eg.
Organ Pipe Cactus Monument i Sonora ørkenen var målet og Alv hadde alltid hatt lyst til dette, sa han.
Liksom!
Eg spurde om han syntes ein ørken full av kaktusar var eit bilete på ekteskapet vårt, -men den tanken hadde ikkje slått han. Men, sa han, - det er blomstringstid no,- og det passer jo veldig godt på livet vårt ! :-)
Eg googla Organ Pipe Cactus National Monument og fann ut at i tillegg til kaktus, var området kjent for narkotika smugling, illegal innvandring, klapperslanger, skorpioner og gila monster øgler, - som var kjent for eit giftig bitt og spesielt utsjåande.
Ingen enkel tur i parken med andre ord, men ifølge Trip advisor er det 358 ting å gjere i Tucsom, der vi skulle bu og dette var ein helgetur.



Vi skulle fly til Tucsom etter mellomlanding i Phoenix, leige bil og kjøre til Sonora ørkenen heilt sør i Arizona, mot Mexico grensa. (- klok av skade tok vi med oss pass denne gongen). Sidan vi begge to er einige om at mellomlandinger er noko herk, så hoppa vi likegodt av flyet i Phoenix. Vi følte oss både lure og ikkje minst tids-effektive. Det var ikkje mykje lenger å kjøre frå Phoenix. (At det ikkje er lurt å hoppe av i "svingen" viste seg då vi skulle heim, - men det er jo ein heilt anna, -litt kjedeleg og litt dyrere historie)


Tucsom er byen mellom dei fem fjell. Det høgaste fjellet var Mount Lemmon med nesten 2800m.  Frå Tucsom (728 moh) og opp på fjellet var det ei 4 mil lang populær sykkelrute. Vi var på biltur. Alv hadde nok litt lyst til å sykle der ein gong, - fin temperatur og flott veg, - og eg sa at då kunne eg godt kjøre følgebil.



Saguaro ( uttales: sa-WAH-ro) kaktusen som kun finst i Sanoara- ørknenen er på mange måter eit sørvest amerikansk ikon. Desse kaktusane som kan bli opptil 50 meter høge og vege mange tonn gjev eit mektig intrykk der dei står og tek deg i mot med sine åpne armer. Armane utvikler seg når kaktusen er ca 60 år gamal. Når det regner kan ein saguro kaktus ta opp og lagre opp til 3000 liter vatn. Då er rillene mindre tydelege enn normalen, i tørt ver.



Ein kan jo verkeleg undre seg over kvifor dei vert så store og korleis dei klarer å halde seg oppreiste i hundrevis av år. Utforminga ( foldene) på kaktusen gjer at det i sterk vind er aerodynamiske krefter som hjelper til med å halde dei stabile, men det at dei er så store, det er eit mysterium, - for lys er det jo nok av.

Opptil 200 år kan dei bli, men ingenting varer evig.  
( Før fekk dei eit nytt liv som gjerde- spiler til indianarar.)


Det var blomstringstid, men fordi dei var relativt små og veldig høgt oppe, var det ikkje blomane som var wow faktoren her. Alv kom og på at han hadde heilt gløymt å fortelle at blomane kun var opne om natta og eg takka nei til tilbud om teltovernatting, sjølv om det sikkert og hadde vore ein opplevelse.


Dette er ein morgonblomst i 5 tida ein morgon. (- eller er det ein som ikkje har komt seg i seng?) Iallefall er det Arizona sin state blomst.

Sjølv om saguro kaktusen er imponerande så er det organ pipe caktusen som har gitt namn til parken. Der vi var, var det ikkje så mange av dei, men dei vi såg var imponerande store iallefall.

Dei har eit sirkelforma voksemønster som gjer at dei får lange, slanke armer, men innimellom (ein skjelden gang) krøller det seg til for dei og. Då vert det utvikla flate strukturer ( crest).

Indianarane brukte greiner av døde organ pipe cactus til å lage faklar med.


Som i alle vakre eventyr er det mange aktøre som gjer sitt til at ein sit att med den gode kjensla om ei god oppleving. Slik var det og i Sonora ørkenen.





Loews Ventana Canyon Resort var ein flott plass å bu. Golfbane på framsida og ein fantastisk kaktus bakhage med ein naturlig foss. Hotellet skulle dei kommande helger ha kokekurs der kaktus var nøkkel ingrediens. 
(Det hadde og vore såå kjekt, men då var vi reist.)





 Chain-fruit cholla. ( fruktene på dette treet er designa slik at dei nærmast kan hopp av og over på forbi passerande. )

Prickly pear





Ocotillo har blader om dei har tilgang på vatn.






Å vere i kaktusland med fotoapparat og sandaler viste seg å vere ein litt tåpeleg kombinasjon. 
Likevel, - det var det skumlaste vi opplevde!
Don´t worry, be happy!




onsdag 4. juni 2014

Alv bygge reir

Vi har eit lite tre i hagen vår. Det er ikkje veldig vakkert, har ingen blomar å skryte av, og det har greiner som veks nedover. Ganske unormalt altså. Eg er ikkje sikker på om denne unormaliteten skylles ein tilfeldighet eller om det er poda/ genmanipulert eller tukla med av nokon som ville ha det slik. Eg synes ikkje det er fint med greiner som veks nedover iallefall. Har stor forståelse for tyngdekraften sin verknad på store tunge greiner, - men dette er eit lite tre.
Fordi det veks som det gjer, vert det ei lita grop i midten treet. I denne gropa lagde  herr og fru Due eit lite reir i fjor og produserte to fugleunger. Då dei hadde forlatt reiret, rydda Alv opp etter dei og tok vekk reiret. Det var så mykje skit,- sa han.






Så kom det ein ny vår, - heldigvis, - litt sein var den, men desto betre kjendes det, og ein ettermiddag sit Herr og Fru Due igjen på gjerdet i hagen. Eller på den nederste greina i piletreet.                                  

Vi tenker at no er det rett før dei begynner å bygge reir, men nei. Dei sit og sit og stirrer på oss. Alv, som etterkvart får litt dårlig samvet for haustens ryddeskjau i hagen klarer ikkje finne roen i solstolen med desse stirrande augene som alltid berre er der. For å fortelje at det som skjedde året før ikkje var personleg meint, tek han noko tørt gras som han tvinne saman og sim salabim, -så låg det eit nytt, mykje finare reir i tregropa.
Nå må vi berre vente og sjå, sa reirbyggaren så fornøgd. Han trengte ikkje vente lenge. Tre dager etterpå var det fire egg.





Så vart det ruging ei stund, ca 14 dager. Herr og Fru Due dele på arbeidet og då er det jo ingen sak. Ein vakker solskinn dag, i midten av mai var fire egg omvandla til to, store,- ganske lite fine dueunger. Kva som skjedde med dei to andre, er ei av dei mange gåtene som finst. Det er kanskje slik det er i dueverda? Survival of the fittest?


Eg tenkte at frå nyklekt til flygeklar skulle det vere ein serie bileter av ulike utviklings nivå. Dag 1, dag 3, dag 5 osv., men neste gong ( ok- eg gløymde meg litt ut), ei lita veke kanskje (?), 
- så var dei floge sin veg. 

Hmm,- tenk å vere duemor !! 
Men tid er relative greier,- det er det.