Eg har for eksempel hatt det så godt
at eg ikkje eingong har reflektert over om livet mitt ville ha vore betre med
meir mascara på. Kan nesten ikkje huske siste skikkeleg vondt. Eg har et
arr på kneet, men det er så lenge sidan og eg huske ikkje kor vondt det var.
Gangsperr derimot har eg derimot rett som det er. Det er vondt men
kanskje i ein annan kategori?
Barna mine derimot, i alle fall
innimellom,- har det ikkje så greit. Innan denne helga må dei til dømes rydde
på eigne rom med tilhøyrande bad.
" Herregud! Har du tenkt
å øydelegge mitt sosiale liv og, nå?" - fekk eg høyre. Eg tenkte litt over
kva anna eg driv og øydelegg, men kom ikkje på noko konkret akkurat då. Eg tenkte at det ikkje kan vere curling generasjonen dei tilhøyrer, meir marshmallow kanskje, -men tanker høyres heldigvis ikkje.
Til hausten flytter Snorre tilbake
til Norge. Denne flytte-heim-att bestemmelsen har forsåvidt ingen ting med
rydde ordren som er gitt, men representerer en overgang,- som alt anna.
Overganger er ofte ikkje sååå gode, iallefall ikkje når ein står midt i gangen
og ikkje ser heilt korleis ein skal gå. Det veit vi ex pater alt om.
Silja gleder seg ikkje til å bli einebarn.
Eg som kan huske at eg i min barndom innimellom ønska at det hadde opna seg hensiktsmessige
synkehol rundt mine 5 andre søsken synes det er litt rart. Den snart utflytta
broren forklarer dette med at litlesøstera sikkert alltid har følt seg
som eit einebarn. "Ho får jo alltid viljen sin".
Når broren flytter vil ho gjerne
erstatte tomrommet etter han med ein hund. Det er heilt greit med ein liten
hund. Argumentet om at vi allereie har ein liten hund gjelds ikkje for hunden vår
gjer forskjell på folk, dvs. ho er mest glad i matmor.
Denne nye hunden derimot vil lære ho å ta ansvar, til å vise omsorg og bli mindre egoistisk, - rett og slett bli eit harmonisk og snilt menneske,- seier ho. Eg tenker at dette er eit veldig stort ansvar for ein liten, søt kvalp, men klart det er ei fristande løysing og for oss foreldre.
Denne nye hunden derimot vil lære ho å ta ansvar, til å vise omsorg og bli mindre egoistisk, - rett og slett bli eit harmonisk og snilt menneske,- seier ho. Eg tenker at dette er eit veldig stort ansvar for ein liten, søt kvalp, men klart det er ei fristande løysing og for oss foreldre.
Kven har ikkje som barn ønska seg
eit eige dyr? Eg og syster mi fekk kvar vår kanin då vi var 10. Kaninar
er veldig kjedelige dyr. Uansett stell så er dei stappfulle av instinktet; hopp
vekk, - og det gjer dei ved første muligheit. Det hadde vi gløymt då
eldste mann fekk ein kanin. Det var endå til ein kanin som ikkje tålte å ete
gras, men det tenkte vi ikkje over der vi stod i dyrebutikken. Mikkel ville ha schæfer og
Snorre ville ha degus. Han fekk i staden hovudansvaret for Ulla,
påskelammet vårt. Alt tidleg på dag 2 i lamme-historia
vår, då Ulla var svolten og breka på mat, ropte han frå den varme senga si at han aldri
hadde ønska seg ein sau, - det han ville ha var berre eit lite dyr i bur. Det regna ute. Vi åt
opp Ulla då sommaren kom. Sidan vi ikkje klarte å lære henne opp til å ete gras
så var ho som kopplam å regne. Ein kulinarisk godbit.
Kanin skal og vere godt vert det
sagt, men eg er ikkje heilt einig.
Då eg og søster mi fekk kaninar var
far min nøye med å fortelje at kaninane våre ikkje måtte vere saman inne i
buret, - då ville det bli unger. Tanken på det var jo ikkje veldig
skremmande på oss to, men så fekk vi høyre kva som kunne skje. Det var ekkelt.
Kaninmora kunne, om ho blei forstyrra av menneske medan ho hadde kaninbabyer,
ete opp sine egne unger, sa han. Det hadde skjedd med kaninane dei hadde hatt
under krigen, og var heilt sant altså. Vi var nok heilt sikre på at vi ville forstyrre
kaninmora i ein mor og barn situasjon og passa difor godt på kaninane våre.
Far min hadde sikkert mange
krigshistorier, men eg huske berre to. Det er den om kanin-kannibalisme
og den då han han åt vaffler laga på morsmelk.
Uhææ.
Ei kone frå Osterøy serverte dei
deilige vaffler som ho hadde laga på morsmelk ho hadde til overs. Eg huska eg tenkte ; - må
det aldri bli krig. Noko så ekkelt.
Eg tenkte på kannibalhistorien
forleden dag då nokon lunchklubben min nemnte dette med synkehola som plutselig
hadde dukka opp i Amerika. (Som heimeverande mødre er det jo viktig å vere
oppdatert på eventuelle bekymringer som kan vere verdt å ta inn. Truleg var vi
ferdig med å snakke om barna våre då synkehol kom på agendaen.)
Om ein kan tenke seg at jorda er ein
stressa kjempekanin, - så er det jo nesten det som skjer.
Geologen i familien sa med eit flir at synkehol
på ein måte var jorda sin måte å konservere eit område frå jordoverflata lenger nede i systemet.
Kvifor moder jord bryr seg om amerikanare, - kan ein jo fundere over, men eg trur dei er nesten like gode som kven det no skal vere.
Eg kan ikkje forstå at mannen som
blei slukt med seng og alt ikkje vakna då det begynte å knake. Så såg eg bilete
av holet og golvbelegget, og då forstår ein at det sikkert hadde gått fort. Det
såg jo ikkje ut som det var noko under golvbelegget
I huset vårt som vi leiger er det og
golvbelegg, men forhåpentlegvis er det sikkert veldig godt fundamentert. Heilt
sikkert :-)