søndag 22. desember 2013

Los Cabos, Mexico

Los Cabos ligg på sørspissen av California halvøya i Mexico, på Stillehav sida.

Inngang til One and Only Palmilla Resort der vi budde.


Infinity pool

Ein fantastisk Thanksgiving ferie hadde det vore.  Vi var så fornøgde og hadde fått påfyll av både brunfarge og energi følte vi. Tre dager etter at vi var vel heime frå Mexico stod denne overskrifta i alle nettavisene:

"Nordmenn er snobbete globetrottere.


Sjølv om vi hadde snakka så leeeenge om at vi gjerne skulle hatt ein ferie i Mexico (- det er jo så nært Houston), og dette kun var ein generell artikkel om Nordmenns ferievaner, -var timingen og det som stod skrevet slik at vi følte oss truffe. Vi hadde snobba oss, vi hadde det.

"- Vi reiser stadig mer og er blitt litt «fine på det» når vi bestiller hotell," sier  kommersiell direktør i FINN reise. 
The One & Only Pamilla er heilt klart i denne kategorien.

"Tallene viser at vi ønsker ekstra komfort når vi drar av gårde. Mange av oss velger fire - og fem stjerners hoteller."

Vi tok 5 stjerner denne gongen og ein skal jo ikkje påstå at det ikkje er deilig. Det er fantastisk<3



Velkommen til Palmilla stod det på lappen,
- med nøtter, oliven og tequilla frå terrassen,



- som var heilt grei

- og berre havet var utsikta vår.
Ein kan bli salig av mindre....

"- Nordmenn er veldig opptatt av at frokosten skal være inkludert. 
De vil ikke ut på byen for å lete etter "frokost,"

Her skilte vi oss litt ut ( heldigvis), men vi gjekk heller ikkje så langt for å få mat. 
Restaurantane på Palmilla profilerte seg med at alt var laga på huset, 
med lokale ingrediensar (kortreis mat), for dei er sjølvsagt som alle oss andre opptekne av miljøet.  
Super godt var det alt vi prøvde. 
Vatnet derimot var ikkje så veldig kortreist. Vi kunne velge mellom Fiji - og Voss. Vi valgte sjølvsagt Fiji vatn,- litt meir eksotisk enn Voss syntes vi.


 

Heimebakt brød med appelsinsmør og friske blåbær.

Silja sin faste frukost: Belgiske vaffler med frisk frukt og krem.
Kvar morgon gjekk Alv og eg morgontur på stranda. 
Det var eigentleg før frukost, men kva betyr vel rekkefølgen
 når ein likevel har fri og har ingenting ein må gjere?







- ofte var vi nesten åleine
Kong Salomo sitt palass...
- og dette var nok Jørgen Hattemakers
- men havet var fritt for alle

Her er eg målestokk for ein geologisk intrusjon av noko slag...






 Hovudaktivitet var å slappe av, sole seg, lese bok, bade


Blei det litt for varmt under parasollen var dette ein god plass å vere...


- eller ein kunne ligge og duppe på kanten i Infinitipoolen og håpe på at ein kval eller to svømte forbi.
Dei gjordet nemleg det av og til.

- men dette er berre Alv altså :-)

Fotmassasje  sei ein ikkje nei til

- og då trengs det litt konsentrasjon

- for det kittlar jo litt...

Silja prøver alltid å ha ein viss stil,

- men i bølgene på Turtle Beach
- var det veldig vanskeleg.
 Det er  rart at det går an å få lyst på mat, 
når ein gjer så lite, men matlyst er nesten alltid tilstade der vi er. Rart med den saken igrunn :-)
Her var det berre å sette opp eit lite blått flagg,så kom Jesus springane. Han ordna alt. Solkrem, vatn nye handklede og mat. Han var i frå Mexico City og sa at Los Cabos var plassen. Paradis på jord kalte han det, og han veit nok kva han snakker om, Jesus.


Internett, mobil og deilig mat på stranda.
Går det an å ha det betre?
Så var det berre å ta livet med ro og om nødvendig, kvile litt igjen..

Alv i kveldsola
Mellom oss delte vi gjestene på Palmilla inn i grupper.           Det var ei gruppe som bestod av litt stygge eldre menn med unge vakre damer. Kanskje dei ikkje var såå stygge, - men stor kontrast til partneren var det iallefall.Heilt sikkert steinrike, meinte Silja.
Så var det dei vakre amerikanske familiane med små barn,- ei jente og ein gut. Dei "lekte" med Mc-book maskinene på biblioteket før aktiviteter eller med nannyer innhenta dei. Gruppe 3 var tre generasjon gjengen, - der bestefar betalte og damene gjekk med store solhatter, store solbriller og svarte badedrakter.

Så var det oss då. Wannabes ?, - eller kjekk norsk familie ?.








På kvelden vart tusenvis av levande lys tent og det var tid for å innta ein betre kveldsmåltid. Silja sa ho kledde seg i henhold til "forventa stil" på kvelden utvalgte spiseplass. Alv og eg gjorde så godt vi kunne ut frå ein koffert med mindre valgmuligheter enn det yngstemann hadde utstyrt seg med.

Kvalitetskjekk før fine pics vert posta til venner er viktig



 Ein juletradisjon på Palmilla var 
at dei ansatte dekorerte kvar sin julepynt 
som vart hengt opp i eit stort tre ved inngangen. 
I år var det juletrær i alle mulige farger. 

 Imponerande med nesten 1000 glitrande juletre 
og litt overraskande at det var så mange som jobba i tilknyttning til Palmilla resorten. 

Ei Nanny viser fram treet ho har dekorert


Blomsterpynt på senga
Medan vi var ute og kosa oss med feks Duck breast Crusted med Jordan mandler i Red Wine Amaretto Sauce og Black Truffle & Fontina Pizza, -sneik butleren seg inn på rommet vårt og gjorde sengene våre klare til nattas innhopp. Dette var gjort på ulike måter og innehaldt alltid ein liten overraskelse i form av blomstrer eller sjokolade.
( Det var kanskje maiden som gjorde det? - men no fekk eg jo skryte litt av at vi hadde rom med tilhøyrande butler :-) )



På veg til rommet vårt passerte vi butikken. Utstillingsdokka i vinduet blinka til Silja kvar einaste gang vi passerte. Silja kunne kjøpt alt dei hadde i den butikken, sa ho, -men heldigvis var prisane like høge som tingene var fine.
På kvelden var det ofte fyrverkeri,-
 - og var det ein kveld utan kunne vi lage vårt eget fyrverkeri med fotoapparatet.

"Her kunne eg vore alltid" sa Silja 
-vi venta på minibuss som skulle ta oss tilbake til flyplassen. "Simply the best!"

Den neste eksotiske ferien vår vert Odalen, med utedo og utan dusj. 
Ein herleg kontrast som gjev livet meining.
Det beste i livet er jo det enkle.
Goodbye Palmilla,
Hello Blådammen.