Det er viktig for freshmen-, litt meir viktig for sophomores-, endå litt meir for juniors og super viktig for seniors, -å vere med på homecoming. Mum og garter er nødvendige ingredienser om ein feirer på amerikansk måte.
Snorre er senior på Cinco Range High School og er kjærast med Taylor, som eg trur kanskje har gleda seg til homecoming heilt sidan ho vart født.
Då er det viktig å vere med, gjere det ein skal, kjøpe det ein må og nyte augeblikket.
Det vart sjølvsagt supert. Skulle berre mangle med lang planlegging, middag på fin restaurant og sist men ikkje minst, fest med overnatting på beach-condo i Galveston.
(Frå den delen av festen veit vi lite om. Eg har spurt kva opplegget var, og fått til svar at det var snacks og sånn. -Sikkert pringels eller noko?)
Homcoming og Mum kan gi assosiasjoner til det å lengte heim, men det har ingen ting med det å gjere.
Så kan ein kanskje tru at mum heiter mum fordi det har noko med morer å gjere, men det er og feil.
- Eller kanskje ikkje heilt feil, for det er morer som betaler dyrt for desse "flotte" mummane som gutane gir jentene før homecoming festen.
Kanskje er det gode mum-minner som dukker opp i hovudet på den amerikanske mora som gjer at ho betaler det mummen koster? Ei gjennomsnittleg norsk mor slit litt meir med dette, sidan ho er heilt blank på dette området.
Homcoming er tradisjonelt ein velkomstfest der studenter feirer det nye skuleåret og ikkje minst den nye sessongen for skulen sitt fotball lag. Tradisjonen er 100 år gamal og mum var den gong ein enkel krysantemum som ein gut gav til den jenta han gjerne ville ha med seg på kampen. Ein enkel blomst på jakkeslaget, liksom. Det var før.
I dag er det ingen (?) som veit at mum har noko med krysantemum å gjere, og dagens mum, som har vekt og storleik som eit gjennomsnittleg familie kjæledyr, - er beviset for at " everything is bigger in Texas."
![]() |
| Frå venstre: Snorre, Mum og Beinrangelet. |
Taylor sin mum vart spesial laga av ei dame som har spesialisert seg på mum produksjon. Snorre tok klokleg nok med seg vennina til Taylor slik at han kunne få kyndig hjelp til å velge ut type bamse, sløyfeband, bokstaver, fjør, blinketingelinger og klirredingeldangel. Her er det ingen tilfeldigheter og det er veldig viktig å få fram personligheten til den som skulle få den.
![]() |
| Silja beundrer- |
![]() |
| - og gleder seg til det er hennar tur. |
![]() |
| Snorre sin garter. |
Samtidig i denne perioden gjekk Taylor, truleg med venninna som støtte-speler, til den same mum-spesialisten, og bestilte ein veldig fin garter til Snorre. Ein garter er mindre enn ein mum, men passer så godt saman med mummen at ein kunne tru dette var avtalt spel.
Garter bæres med strikk rundt venstre arm.
"Stiligt",- sa Snorre. "Endeleg fekk eg ein sånn".
Punkt to i dette løpet er invitasjon til homcoming partyet. Det var i den fasen telefonen min forsvant. Sidan eg berre har ein gamal I-phone, og berre er heime og berre koser meg heile dagen, -så treng eg jo ikkje telefon heile tida, - og dessutan var dette, ifølge låneren, eit veldig viktig punkt der telefonen min faktisk hadde ein sentral rolle. Difor vart ringetonen min endra frå standard til ein litt meir tingeling- tone, og på mystisk vis plassert under senga til Taylor ein kveld.
Kl 12 ringte telefonen og dette var beskjeden:
No kan ein kanskje undre seg over at guten ikkje gjorde seg litt meir flid med håndskrifta eller noko, sidan dette trass alt var midt i eit amerikansk glitter eventyr, -men det viktigaste var jo at jenta fekk beskjed om at det stod ein friar uti garden, på steinen, midt i hagen med roser og sjokolade og eg veit ikkje kva.... Heldigvis ville ho vere med og det tok kun tre dager før telefonen min kom heim att.
Eg trur egentleg det største med det å få ein mum er tanken på kor fin den skal bli og kva som kan vere på den. Det er veldig kort eksponeringstid på denne pynten nemleg. Fredag (dagen før dagen) går studentane med mum og garter på skulen. Det er stas.
Då går dei vel rundt som fine uåpna presanger og skryt av kvarandre sin mum, og ler litt over at dei har likt blinkehjarte innimellom alle krusedullane. Kanskje kjenner dei litt på vekta, samanlikner (" min e så tung alså, berre kjenn!")- og fabulerer litt over pris. Eg kan ikkje tenke meg at guttane snakker mykje om sine gartere der dei går rundt i gangane på skulen, men kva veit eg?
Litt upraktisk må det no vere, iallefall for jentene med dei fotside mummane. Ei vennine til Taylor hadde fått ein pent-uppel mum som gjekk over skuldra og bak på ryggen. Det var litt for mykje. Den var så tung at ho ikkje orka å gå med den heile dagen. Tenk det! Taylor var heldigvis veldig fornøgd med sin tripple, den var heilt perfekt.
Sidan Taylor er med i dansegruppa som underholdt på lørdagens fotball kamp og Snorre heller chilla heime, så er deira mum og garter nesten ikkje brukt. Hadde det vore eit bruktmarked for denne typen pynt kunne dei skreve; så godt som ubrukt, men selge, det gjer ein ikkje. Ein mum er ikkje berre ei samling sløyfeband, det er sikkert. Dei varer så lenge ein gidd å riste støv av dei, og minner, dei varer evig.
På lørdag ettermiddag og kveld er det middag og party. Jentene staser seg opp fra topp til tå og guttane er litt redde for at blomsterarmebåndet som ligg til oppbevaring i kjøleskapet skal bli krasja under ei pakke kjøttdeig eller noko anna tungt, - før ein får gitt det til den heldige.
Arrangement komiteen hadde funne ein fin fotoshoot-plass slik at foreldre, slekt og venner kan forevige dette store augeblikket til minneboka.
| Aston , Snorre og Taylor på veg til fest. |
| Oppstilling. Dette kan dei i Amerika. |
| Jenteklubben: Vakker og ven |
| Gutteklubben : Kjekk og grei |
<3

















