Eg har vel lenge vore på jakt etter å bli hekta,
- på noko som er gøy, enkelt og svært energi krevjande på ein måte som er veldig lite anstrengande.
På sett og vis er det permanent opphald på dei evige jaktmarker.
Å flytta til USA og bli heimeverande husmor var på ein måte litt skummelt, fordi alle veit jo det er lett å vere usunn, i eit land som definerer pizza som grønsak. 5 om dagen, yes please!
Som nyutsprungen husmor på heiltid, hadde eg sjølvsagt gode planar om eit aktiv husmor tilvære.
Heldigvis for meg, at eg er her no, når det er heilt ut med onsdag-margarita på bassengkanten der ein prøver ut ulike frukter som egner seg i drinken. Nei, no er det trening, - og timing til neste trening, - og evig lange samtaler om gangsperr på plassar ein ikkje trudde det gjekk an å få gangsperr.
Eg hadde tenkt at tennis med personleg trenar var litt i overkant fint for meg, men trur du ikkje eg utan å tenkje meg noko særleg om stod der ein dag med rackert i handa, og helsa på trenaren.
Eg hadde jo sett på tv at tennisbaber trengte skygge for sola, og sidan eg for sikkerhet skuld hadde utstyrt meg med dobbel beskyttelse, merka eg ikkje med ein gong at skjermen var feil veg. Det gjorde dei andre.
Ikkje som Black Swan iallefall,
-meir som Sorte Enke.
Berit og David (trenaren) dansar i bakgrunnen.
1 - 2 - 3 walse, 1 - 2 - 3 walse.
Tennis er vakkert og.
Eg er ikkje så god i pardans , men slå ball kan eg (når eg treff).
Oppsumering etter første tennistime med personleg trenar var knuste briller, kutt i augebryn og rett før timen var slutt, avslutta eg med eit perfekt overtråkk. Min første idrettskade!
Med inkjøp av tennis skjørt og tennis sko gjekk det sjølvsagt litt betre.
Tennis er gøy, og mykje vansklegare enn det ser ut på tv frå Wimbeldon.
I tillegg til tennis må ein sjølvsagt som heimeverande husmor vere medlem av ein sportsklubb. Min heiter Lifetime og har varme ny-tromla kvite handklede og cafe med proteinrike drikker.
På tredemølla bakerst i hallen har eg god utsikt, og om ikkje farten er for stor, har ein tid til å studere folk. Eg kjenner ikkje den vakre dama som har Jesus bilete framfor seg på kvar trening, - og eg er ikkje sikker på om mannen som har t-skjorte der det står "house of pain" har fått den bootcampen han kanskje har vore på. Eg kjenner meg litt meir på bølgjelengde med ho som har glossy matblad med seg på trening,- men eg let som eg ikkje ser ho der ho blafrar avgarde med oppskrifter sine.
I dette racet har eg fått utført ein tankevekkande test som avslørte min biologiske alder. Metoden som er brukt er den eldgamle "fleskepølse- knipe" metoden og den vart utført i full offentligheit. Konklusjonen på denne, spør du meg, -litt overflatiske testen, var at kroppen min er 2.68 år eldre enn meg sjølv. WTF Eg forsvarte meg med at kanskje hårfargen hadde hatt ein pekyrandes liten innverknad, men nei. Trøsta meg så med at for ein gong skuld er litt før mi tid. Det har eg jo aldri vore før. Eg er jo alltid ein av dei siste.
Men, det er ikkje så gale heller, for om eg blir med på dette opplegget skal eg bli 41 år ! Vil eg det? Nesten 10 år tilbake i tid ! Eg prøvde å tenke fort tilbake på korleis det var å vere meg, for lenge sidan, - småbarnsmor med 80 % jobb. Skal, skal ikkje?
Når sant skal seiast, så er det vel best å vera heilt på høgde med seg sjølv. Då er ein nok harmonisk. Eg veit ikkje om det er mulig å inngå mellomløysningar her. Eg må jobbe med denne saken.
Så tenkte eg at det er jo ikkje berre kropp og kropp heller, det er jo noko som heiter sinn og, eller mental alder. Ting må henge saman. Det er veldig enkelt å finne slike mental-alder testar på nettet, og dei kan ein gjere heilt for seg sjølv og. Eg tok først to testar og eg er ikkje sikker på om resultatet var oppløftande. Min mentale alder er 22,5 år! Her er det ikkje snakk om å vere ung til sinns akkurat, dette er ubalanse. 22 år i hovudet med ei dotter på 23! Ikkje bra.
Så tok eg ein tredje test, (dansk), og då vart det omtrent som forventa, 46 år. Det kan eg leve med tenkte eg og trykte på "beskrivelse av resultat". Då fekk eg dette:
Du er på alder med din mor.
Mentalt er du omkring 50 år. Du kaster dig ud i Facebook, SMS'er og et hipt ordforråd, fordi du så gerne vil være med på noderne. Alligevel går du i Sloggi-trusser, tennissokker og sundhedssandaler. Du er tit meget pinlig og lidt kikset. Derfor får du også tit skæld ud, selvom du i virkeligheden er dejlig og elskelig. Du bekymrer dig meget om andre - nogle gange for meget, og du sørger altid for, at alle har det godt. Slap af og hvil i dig selv, for selvom du er både skør, pinlig og lidt kikset, så er du alligevel den den bedste i verden, fordi du er dig selv.
Hallo! Mora mi er 85....
Eg gadd ikkje å rekne ut gjennomsnitts alderen på dette. Kanskje det ikkje er noko fasit svar heller, men om vi tre; kroppen min og hovudet mitt og meg sjølv kan fungere som eit godt trekant samband, så kan det vel ikkje vere så gale heller?
Eg fekk og opp eit spørsmål om eg ville teste kva farge sjela mi har, men det får vere grenser på idiotiske tester ein skal bruke tid på!




Du er bare fantastisk, Hege!
SvarSlett:-)
SlettHerrrlig!!!!
SvarSlett