tirsdag 8. mai 2012

Varme tanker frå ei solseng


På vei heim frå flyplassen tenkte eg at eg resten av dagen berre skulle ligge ute ved bassenget å sole meg. Ikkje gjere noko utanom å snu meg frå rygg til mage, og tilbake igjen. 
Drikke  må ein når det er så varmt som no,- mykje vatn er og viktig. Då eg kom heim og opna kjøleskapet stod det  to bokser med Lime-a-rita i kjøleskapet og planen om å starte "strilefse og havreskjorte" kuren umiddelbart, vart raskt flytta fram til mandag morgon. Målbevisst kanskje, -men fanatisk er eg ikkje. 

20120502limeartiastory.jpg


Frå mi varme solseng hadde eg mesteparten av dagen framfor meg. Ein heil dag, to kalde lime-a-rita og sol. Ei god kjensle av typen luksus.
Ein besøksperiode som starta 10.april var over. Sjølv om det på sett og vis og er godt å vende tilbake til vanleg kvardag, er det og litt tomt i huset etter at alle har reist. Då kjenner ein litt på det at alle gamle venner og familie er langt borte. Heimlengsel kalles det og den er der innimellom.


Ein skal ikkje ligge så veldig lenge på solseng her, før ein føler at det er litt i overkant varmt. Den avslappande og gode følelsen ein hadde under planleggingsfasen fordamper fort i varmen.  For solhungrige og vasstrukne vestlendingar som ut frå facebook utsegn ikkje kan hugse korleis det er å vere for varm,- er ikkje dette lett å forstå.
Likevel, det er omtrent slik: Du har kvelden for deg sjølv og fyller badekaret med godt varmt vatn, tenner lys og har kald muserande vin i stettglas på kanten. No skal du kose deg med god bok, sjampis og god lukt frå dyre og velgjerande badeoljer. I starten er det sååå deilig, du nyyyt. Så, ikkje så lenge etter, klør du plutselig litt under kneet som sjølvsagt er under vatn. Du tenker at det går over berre du ikkje tenker på det, - men det gjer det ikkje. Etter ei stund gir du etter  og klør. Kva er vel betre enn å klø, når det klør? Omtrent to sekund etter dette, har du  lest ned sida og må bla til neste side! Helsikken! Den ledige handa er våt! Det er nesten umogeleg å halde og bla i ei bok med ei hand når ein ligg i badekaret. Handklede ligg sjølvsagt akkurat slik at du ikkje kan rekke det. Så kjenner du at eigentleg er vatnet litt for varmt eller kaldt, og boka di er kanskje blitt litt våt i kanten. Snart drar du ut proppen og står opp, litt før det du eigentleg hadde tenkt. Slik e det alltid med meg. Eg trur dette ligner litt på  det å ligge åleine på ei solseng i Garden Cove.

Ein strategi for å få tida til å gå er å bli oppteken med noko. Eg låg og såg på himmelen og skyene ei stund. Ein barndoms aktivitet. Då eg var liten gjorde vi dette på fine late soledager i Odalen. Det tok ikkje lang tid før ein kunne sjå ansikter, dyr og troll i slike skyer.  Eit lite vindpust der oppe og biletet er eit heilt anna. Skyene enderer seg fort i motsetning til meg tenkjer eg, men det er kanskje ein like god illusjon som det at det er ei kvit ugle eg ser der oppe?
Endring er vel det einaste konstante når alt kjem til alt. Alt er i endring.
Når ein reiser, eller når samtid og samver opphøyrer for ei stund,  ser ein dette tydligare.  Småjenter i gata heime som plutseleg er vakre unge damer på bilete i avisa, er ein slik ting. Gamle fru Hansen er ikkje meir og det vesle huset hennar med den store hagen er solgt til meir enn fem millioner.  Det vil vel  og bety store endringer om ikkje lenge i vårt kjære nabolag? Vi som er vekke vil vel kanskje helst ha alt slik det var då vi reiste.
Å oppdage endringer har nok litt med avstand og perspektiv å gjere. Endringer er bra, tenker eg og veit at det søren meg ikkje er heilt sant heller.

Gode venner og  godt vennskap er sikkert underlagt endreinger som alt anna, men det føles ikkje slik. Kanskje er det slik at gode venner endrer seg i takt?


"Det er viktig å ta vare på gamle venner for dei kan du ikkje få fleire av"- seier Jan Tore. 
Han og Beate besøkt oss den siste veka. 

"Gode venner kan ein nok få nye av, men det er uråd å få nye gamle venner."
Det er veldig sant,- kunne ikkje sagt det betre sjølv! 


Utprøving av flytestol
Nyinnkjøpt I-pad og alvorleg wordfeud match -
med meg,
-var nesten like slitsomt som å sykle med Alv
Dei tilmålte dagene gjekk fort. Vi skulle sikkert ha reist meir og gjort mykje meir, men det vart litt Halvdan Sivertsen aktig: "hver gang vi møtes har vi det bra, vi e venna for livet, sånne e gode å ha"
- så skåla vi for det som er.

Då Kari og Jan kom på besøk var dei begge cirka eit år eldre enn sist dei var her. 
Kari spurte ein dag om ho hadde hadde endra seg, om ho hadde blitt gamal. Som den ærlege svigerdotter eg er, måtte eg svare som sant er : "Du er 80,5 år og det er gamalt, -men du held deg ganske godt"
Ei hand å halde i på morgontur i nabolaget
80 år ingen hindring
Røyke og broderingskrok
Når Jan er her har vi alltid ein å spørre om kor mange varmegrader det er ute. Det har han kontroll på. Kvar einaste dag logga vi temperaturen i Haugesund og gotta oss litt. Dette kan kanskje forvekslast med litt skadefryd, men handla meir  om å vere glad for at ein ikkje var der, i drittveret, i Haugesund.
Sol og varme gjorde dei godt.
Jan røykte billige sigarar frå Amsterdam og håpa på at bugsa skulle halde seg vekke. Det gjorde dei ikke,- dei liker han. Kari broderte ut all blå tråd og eg vart eigar av ei fin frukost brikke.
"Kjenn den varme vinden, Jan! Kjenn! Den er som kjærtegn mot armane mine" - sa Kari fleire ganger. Det kunne nesten sjå ut som om ho hadde tenkt å lette der ho stod med armane i flyposisjon på bassenkanten, men det gjorde ho heldigvis ikkje.  Ho er ei dame med beina godt plassert på bakken. Etter eit langt liv i Haugesund er dei godt vand med vind, men varm vind er ikkje så vanleg,- så det er ikkje så rart å bli litt glad for det.
Dagane vart brukt på beste vis; frukost i hagen, turar, kafebesøk, handling og avslapping. Kari syntes nesten alt var litt fantastisk og eg trur og at dei amerikanarane vi traff synes det same om ho.
Ei god veke etter at dei hadde reist var eg på Katy Mills. I ein skobutikk kom butikkdama bort til meg og sa med eit stor smil "HI!!! Your wonderful mum forgot her red shoelaces. I hope she will come back. She was so fantastic!"

Kari og Bluebonnet
På veg heim etter USA ferie



2 kommentarer:

  1. så vakkert at jeg nesten må grine litt. Hilsen en av de nye freshe vennene man ellers aldri hadde truffet hvis ikke det var for skjebnen:)

    SvarSlett
  2. Så fint du skriver Hege! Du borde ha en egen spalt i en tidning <3.
    Anders och jag ska åka på en 4-dagars tur till New York i juni. Min första besök i USA, det ska bli spännande :-)
    KRAM
    Petra

    SvarSlett