Dagens tur planar vert lydlaust begravd under morgonvarme dyner.
Sidan eg knuste Alv i wordfeud i går, må han likevel ut å kjøpe donuts til frukost i dag. Avtale er avtale, uansett ver.
Eg måtte lure Inu ut i regnet endå ho måtte veldig (ho liker heller ikkje regn) og så lagde eg kakao, - sidan det regna.
Eg tenkte at varm kakao og donuts passer samen, men no etterpå veit eg at det er i overkant søtt.
Dagens kalloribehov er iallefall dekka og vel så det, enda dagen nesten ikkje har begynt og vi ikkje har stått opp ein gong. Godt med det som er gjort!
Vi gjorde ingenting på lørdag.
Ein lørdagskveld heime, passelig varmt ute i hagen med wordfeud, stearinlys, bare bein og eit glass vin,- heilt i slutten av oktober. Kva meir kan ein ønskje seg av livet? Av ein lørdagskveld i Katy?
Opplevelser er ferskvare og må nytast som det. I den hektiske kavardagen kan nokon av dei beste stundene vere dei opplevelsane som stiltrar seg forbi utan nesten nokon ting.
Eg er litt usikker på om Alv tapte med vilje for å trøyste meg. Tidlegare på dagen i går rygga eg nemleg inn i ein bil, og det blir ein jo litt sur over. Men han seier nei, - der går grensa hans. Han tape ikkje med vilje uansett seier han, men legg til at han trur likevel det er litt vanskligare for han som speler på sin håpløse htc- telefon enn for meg som har i-pad. Liksom!
Det er slike ting som hender, sa mannen som vart påkjørt, og Alv sa det og, - men det er likevel såå irriterande å høyre den lyden når det skjer. Den dyre lyden! Ein kjempediger truck som stod heilt stille.
Eg er kanskje inne i ein dårleg periode?
Dagen før kjørte eg på rødt lys med politibil bak.
Eg såg politimannen komme langs sida på bilen min med pistol og sterk lommelykt. Ein veit kva ein skal gjere når dette skjer; sitte roleg med hendene synlig på rattet, - vere høfflig, - seie sir,- men litt stress er det likevel.
Siden eg ikkje hadde lommebok og sertifikat med meg, var det jo ein litt ubeleilig situasjon eg var i. Under lommelyktlyset forklarte eg at eg kjørte nærmast i eit nødstilfelle denne kvelden. Mannen min, som var den eigentlige sjåføren hadde diverre tatt nokre øl for mykje under middagen vi nettopp hadde hatt og difor satt eg no i førarsetet. :-) Det var altså ikkje meininga at eg skulle kjøre i kveld, - Sorry Sir, for everything Sir, sa eg.
Politimannen forstod denne situasjonen og ba meg kjøre forsiktig videre og passe på i alle lys kryss! For det er farleg å kjøre på rødt, - og det visste eg jo fra før. Eg svarte yes sir, I know Sir, thank you, Sir.
Det har, når sant skal bloggast, vore mykje politi i det siste. I overkant synes eg som meiner at politifolk oppleves best litt på avstand.
Forrige helg var det full utrykking til vårt hus. Silja og vennina hadde vore på ein skummel kino og dei opplevde at det var rare lyder i huset då dei låste seg inn åleine i huset vårt. Silja ringte meg, -vennina, som den gode amerikaner ho er, ringte 911.
Sjølv om vi skunda oss heim var 3 politibilar med 6 politi før oss, enda vi berre satt på LaCenterra og hadde ein uskyldig fredagspils. 10 min unna. Det verste var kanskje at dei gjennomsøkte heile huset. Eg sa at det sikkert ikkje var naudsynt men dei sa: better safe than sorry, Mam! - og den veka hadde eg heller ikkje rydda huset.
På Silja sitt rom såg det ut som om kleskapet hennar hadde eksplodert.
Moralen av dette må vere; gå aldri ut på fredags pils med rotete hus. Klarer eg å leve etter denne regelen resten av tida vår her, vil det sikkert gå bra. Nokon opplevelser treng ein jo ikkje vere del i tenkjer eg.
I avisa heime har eg lest at folk i dag, opplever mykje meir enn før. Det er kanskje ikke ein kjempe nyhet for meg og mange andre som viser oss fram i blogg og feisbok og alt muleg. Vi opplever og dokumenterer!
Er det ikkje kjekt (?) - og det er jo så lett å gløyme ut(!) - og vi kan jo lagre uhorvelege mengder med alt mulig i dag.
I følge denne grafen var det ingen opplevelser det året eg vart født. Iallefall var det ingenting å skrive i avisa om, sjølv om storesøstera mi sprang oppskjørta rundt og ropte "masse litle ba". Foreldra mine hadde ikkje fotoaparat den gongen og var kanskje meir opptatt av å få tingene gjort, enn å oppleve. Fordi eg var ein av to, og fordi tanta vår hadde fått eit nytt fotoapparat,- så har eg likevel eit album med babybilete av oss. Det var jo stas med tvillingar.
Yngste broren min, Arne vart fødd 14 år etter eldstebror Eirik. Veldig heldig for Arne at han var baby då Eirik stod konfirmant. Om han hadde vore født året før eller etter, er det jammen meg ikkje sikkert at vi hadde hatt eit einaste babybilde av han. No vart det heldigvis teke nokre bilete av konfirmant i fin dress med lillebror Arne i sparkebukse på armen.
Eg er ikkje sikker på kva det har gjort med oss som har vakse opp og opplevd nesten alt uten at det kan bevisast i form av bileter frå opplevelsen. Mista vi noko? Eg er og usikker på kva det gjer med oss når alt dokumenteres slik vi gjer no. Kanskje opplevde vi meir eller kanskje mindre? Kanskje gjer det ingen forskjell? Eg veit ikkje.
| Inu er babyen i vår familie og vert fotografert i det uendelege som andre normale babyer. |
"Jeg samler på gode opplevelser og sørger for at de skjer.
Om nødvendig må vi redigere virkeligheten litt"
- sa ei klok dame frå Klepp eingong lenge før blogging vart noko nesten alle synes dei må gjere. Ho var nok inne på noko.
Opplevelser kan vere så mykje. Ein gong i framtida håper eg at det er mulig å sjå attede på alle kjøkkendiskusjoner og tenke at det og hadde noko sjarmerande med seg, men her og no er det litt vanskelig å få kjensla av ein god opplevelse. Eg er truleg ikkje ferdig med redigeringsjobben.
Det er så mykje ein skal meine noko om. Av hensyn til personvern,- dette er kun mine argument:
-tatovering angrer nesten alle på,
- det finnes like gode støvler som ikkje er Burburry,
- Prada veske bør kun kjøpast om ein har jobba og svetta for pengene
og,
- kosthold er viktig.
Når ein tredel av familien bestemmer at dei skal vere vegetarianer gjer dette noko med den gode middags opplevelsen ein husker frå då ungane var små og åt det dei fekk utan uffing. Denne avgjerda har lite med sundhet å gjere, men handler om følelse for dyra. Det er vondt å bli slakta nemleg. Det finnes og forferdelige filmer frå slakteri på you tube som gjer at sjølv fredags taco vert ekkelt. I praksis betyr det å vere vegetarianer ein overgang til pasta, - og det er jo ikkje veldig vanskelig for folk som elsker pasta. Karboianer, - kor lurt er det seier eg ut i lufta, men ingen høyrer på meg.
I motsetning til snille omsorgsfulle mødre det går gjetord om,
så gidd ikkje eg ta hensyn til dette viktige standpunktet i det heile ved tillaging av dagens middag.
"Takk for støtten"- seier den nye vegetarianeren.
| Fin farge! Har alltid likt lilla og grønt:-) |

Du skriv så fantastisk godt, Hege. Eg storkoser meg med kvar eit blogginnlegg frå deg.
SvarSlett