fredag 4. april 2014

Det enkle er ofte noko av det beste.

Det å ta buss til New Orleans frå Houston er klart i denne kategorien. Enkelt,- du kjøper billett på nett; Megabus. Billig, -avhengig av dag er prisane litt forskjellige. Vi kjøpte på ein "dyr" dag og betalte 25 $ kvar veg. Behagelig,- både do og internett,- alt ein treng mao.



Den enkle oppskrifta begynner med at ein får mannen sin til å kjøyre oss til Downtown Houston tidleg mandags morgon.  Han skal jo likevel nesten same veg.  Det er sjølvsagt mogeleg å kjøre bil til Park and Ride på Kingsland og, å ta buss derifrå,- men det er litt kjedligare syntes vi.
Sidan menn her i Houston begynner veldig tidleg på jobb, og bussen vår ikkje går før 08.15, - passer det perfekt å starte med ein kopp Starbuks kaffi og varm croissant. Då var ventetida over på ein blunk og vi er snart på veg på jentetur til New Orleans. Aurora og eg. Ho hadde pakka pc og tannbørsten sin, - eg hadde litt meir.

Det var ganske full buss denne mandags morningen, men vi fekk likevel kvart vår sete i 2.etasjen på bussen. Lenge var vi dei eineste kvite ,- så kom det ei dame til. Aurora lurte på om eg kjende ho for ho smilte så veldig til oss, men eg gjorde ikkje det.

Det kjekke med å vere på busstur er at du kan sjå på landskapet som fyk forbi,- studere folk inne i bussen, lese eller berre sove. Eg gjorde litt av alt:
To gutter framfor meg såg på bilete av lettkledde damer på telefonen. Det var visst veldig morosamt. Ei kinesisk jente snakka høgt i telefon sin. Kinesarar snakker annleis enn andre tenker eg. Dei snakker høgt og har utruleg lange setninger. Det var ikkje ping-pong samtale ho haldt på med iallefall, meir monologar med litt pause innimellom. Litt slitsamt i lengden er det og. Denne kinesar jenta var heller ikkje god til å stå i kø.
Aurora fekk ei bestemor i sete vedsida av seg etter ei stund. Ho spelte candy crush på telefonen sin -likna litt på Erna Solberg på den måten. (Kva skulle ein gjort uten desse kjekke telefonane?) Bestemora syntes synd på meg som budde i Houston. Verdas mest kjedlige by,- sa ho. Vi var litt einige. New Orleans er litt meir, på mange måter enn Houston.




Ein viktig ingrediens er sjølvsagt hotell. Vi hadde booka på nett kvelden før. Fair Child House (1518 Prytania St, New Orleans). Billig,- såg  greit ut, med sentral beligenhet ikkje langt frå Garden District. Ved innsjekk lurte vi på om det var frukost med i prisen. Damen såg då opp, smilte og sa : "If you pay for Bed&Breakfast and don´t get breakfast, -you do have a reason to complain!"


Gode ingrediensar er det mange av i New Orleans. Her er det berre å velge for dagen som starta for meir en 6 timar sidan, er ennå ung.

Vi starta med STREETCAR tur. Den hadde haldeplass i nabogata 3 min unna og med heil dag pass (3$) får ein med seg to ting på ein gong; transport og sigth seeing. Sjåføren virka som om han kjende alle, - vinka, tulla og prata med folk både på innsida og utsida av vogna. Ein gong måtte han ut gjennom vindauga og ordne med ledningane. Streetcar går ikkje så fort,- men det går fortare enn å gå.



Fordi vi var litt retningsville,- så blei det til at vi tok turen ned til FRENCH QUARTER.
Veldig greit,- for her skulle vi jo likevel :-)
Bourbon Street er ikkje veldig intressant synetes vi, men mange av dei andre gatene er fine og rolige ruslegater.





Viktig med små kvilepauser innimellom. Denne innehaldt ein MUFFELATTA som er så stor at det er godt ein kan dele. NOLA spesialiteten er ein oliven salat på eit spesielt brød med skinke og ost. Vi hadde store planer om å teste ut beignet i same slengen,- men det klarte vi ikke, og sa til oss sjølv at det sikkert ikkje var såå godt heller.




På kvelden hadde vi bestilt bord ( kjekt med internett buss:-) på fiskerestauranten PECHE som ligg på hjørnet Magazine- og Julia Street. Dette var ein fin, litt røff type restaurant som hadde heilgrilla fisk som ein av sine spesialiteter.  Magazine street var ellers ei kjekk gate med mange butikker og galleri.

Vår meny denne kvelden var : The Hemingway coctail (Citadelle gin, maraschino liqueur,
muddled cucumber, grapefruit juice, lime.) Grilled red snapper w/salsa verde, marinated beets w/ horseradish cream, fried brussels sprouts w/ chili vinegar, meyer lemon pudding cake and coffe.


Dagen etter, skulle vi gjere alt vi ikkje fekk tid til dagen før. Frukost er alltid ein god start og Fair Child frukosten kan anbefalast, - heimelaga bakverk, - Southern speciality, sa dama og smilte. Det gjorde vi og.


Før vi gjekk ut i dagen måtte eg øve meg litt på selfie ( eg hadde jo ny frisyre). Kan ikkje vere dårleigare enn heile verden liksom, -og så kjende eg på at eg angra pitte litt på at ikkje eg og berre tok med meg tannbørsten. Kva skulle eg med alt dette andre pøet?
Vi tok street car andre vegen denne dagen og gjekk så gjennom vakre nabolag i  GARDEN DISTRICT.





 Husa var imponerande store og flotte. Kva folk er det som kan bu i slike mon tru?
Like fine, og store som husa er dei fantastiske trea. Dei er så store og fine at det ikkje er plass til dei på bileta sjølv om eg prøver alt eg kan. Tenk å ha eit slikt tre!  Om ein skulle velge seg ein plante er treet ein god kandidat. Med røttene solid planta i jorda og med greiner som strekker seg opp og ut. Bladene er som små nye, gode, lysegrøne draumar.
Eit besøk i New Orleans er ikkje komplett før ein tek ein tur til ein av byens sine mange historiske gravplassar, men før det går vi gjennom Magazine street ( - der butikkane ikkje åpna før kl 11 ? Fordi det er ein festeby?) - og der finn vi den fantastiske STEIN´S DELI DISTRICT DONUTS som vi berre må teste litt ut.

Så er vi klare for  St. LOUIS GRAVPLASS No I.
Det finst meir enn 20 over bakken kirkegårder i New Orleans , og den eldste vert datert tilbake til tidlig på 1700-tallet. Fordi New Orleans ligg under havnivå, er det praktisk å ha gravplasser over bakkenivå. 
 Grava til Marie Laveau , voodoo dronningen av New Orleans er ein av gravene her. Voodoo utøvere markerer besøk på grava hennar med å teikne X-ar på grava hennar og legg små gåver, lys og perler, lipgloss, plast pupper mm. rundt. Innan for voodoo er det og noko med å brekke av ein stein.....

Ingen årstal om fødsel eller død, men likevel fortel den kanskje noko om liva deira.







Dette er kanskje eit av dei meir omdiskutert gravkammera her. Pyramiden, som skil seg frå alle andre graver her er kjøpt og designa av Nicholas Cage. Vel, kanskje han ikkje har designa pyramiden akkurat, men denne grava står og venter på han til han dør. Plassen vart kjøpt i 2010 og kva han betalte veit ingen. Innskrifta på grava er : Omnia Ab Uno (= Everything from one). Under skal sikkert namnet hans stå. Til så lenge er dette felte dekka med leppestift kyss. Spooky, crazy eller iallefall litt loony.

Etter gravplass vandring er vi klare for finne den nyaste ingrediensen i New Orleans : CRESENT PARK.

Denne parken var ny av året og vi måtte sjekke ut om det var litt langt å gå.
Eg lot som eg gjorde det og, men blei avslørt då eg konsekvent gjekk feil veg.
Eit pekyranes lite handicap, sa eg med eit smil og gjekk bakerst.

Der borte,- sa Aurora, - og det er fint gå ver.
Det var litt langt, og vi var litt missunnelege på alle som hadde sykkel. Det hadde vore så godt å ha...

- eller ein liten hest....


Cresent park er eit fantastisk flott park anlegg som sikkert berre er begynnelsen på ein ny flott NOLA attraksjon.

Her finn vi og verdens beste pizza.

Så kjekt å vere på besøk her. Snart går bussen vår heim til Houston.
Takk for no New Orleans!
Takk for ein fin tur Aurora!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar