onsdag 22. oktober 2014

Heilt Texas i Sandnes!



Det burde jo ikkje vere sååå vanskelig,- det er jo snakk om fagfolk av typen handverkar. 
At huset vårt er et murhus burde heller ikkje komme som ei stor overrasking. Eg meine - det står jo der.
Men sidan dette var eit pr. definisjon bygge prosjekt foreslår arkitekten vår A som byggeleier. Han er snekker, ( og det treng vi jo og), -har eige firma, frå Jæren og goe greie. Ja då. Kanskje vi burde blitt litt mistenksame sidan dei kalla seg Team .... og er frå Nærbø, men vi var så glade for å komme i gang. 
”Det blei ein biringe start ditta, jaaaa, jaaa...”- sa han då taket rasa inn i seinsommarens første våte storm, - ”men dæ va no eit ofseleg vær i natt ja”. Det er ikkje lett å bli irritert på folk med brei Jærdialekt for det tek litt tid før dei får sagt det dei vil og alltid slutter dei med ja.
 - "Jaaaaa, det vaaaa litt ringt, - det stemmeee det jaaa," -seie dei . 
-”No må mæ piskadausen få da tett ja”. 
Ein vil jo så gjerne tru dei sidan vi eig og bur i huset som plutselig ikkje har tak, og manglar vindu og - det regne. Eg lure kun på om dei innimellom sjekke yr. no - før dei tar vekk tak på fredager, men om kvelden tenke eg: Hekkan for ein sattans ånnas, han e grævla teide. Det vert ikkje god søvn av slikt.










At murarfirma B, (- og frå Jæren) blei sure og plutselig ikkje ville vere med lenger, var og ein strek i renginga. Slike uplanlagde streker er alltid ugreie ( og dyre!) Hadde vi kanskje vore litt for voldsomme då vi sa at vi syntes jobben dei gjorde med å fjerne maling på hus fasaden såg litt amatør messig ut? Kanskje var det ikkje meir som skulle til? Eg kunne gjort det like godt sjølv.Vi hadde jo same høgtrykk spyler ( om vi berre kunne finna han innimellom alle flytte eskene våre) - men google viste med eit taste trykk at høgt trykk og mykje varmt vatn var tingen.  Ein spade er ein spade. Amatørar var dei, men vi trudde ikkje at dei skulle bli så ner-rollde av ein liten faktaopplysning. Hellemann! 

Så stod vi der, med murhus utan tak, med nye vindu som sjølvsagt ikkje passa inn i gamle vindusopningar og med ein fasade som det såg ut som nokon hadde spydd utover fordi grøn-gule kjemikalie klyser framleis hang i klaser nedover husveggen.
Må ha ein murar nuh- kjensla dundra inn. I slike situasjonar er gode råd dyre og murarfirma C tok saken. Ei veke seinare var huset nakent og reint. 



Murar C såg sikkert Smeaheiveien som eit kjempeprosjekt og ville gjerne fortsette, men dei kunne ikkje hjelpe oss med isolering. Det går fint utan, meinte dei. Byggleier A kom så med murer firma D. Dei kunne gjere alt og var klar dagen etterpå. Elle, melle, sånn eller sånn, vannari ? Det er søren ikkje godt å vite kva som er best for eit 70 år gamalt hus når alt kjem til alt, - og tenk om vi gjer A sur om vi valgte C ?,  ( - då kunne det kanskje hende at A trakk snekkarane sine?) - sidan A trass alt kom med D, og det var jo eigentleg det som var planen.Mange tanker virrer, men vi heldt oss til utgangstanken, - det å isolere. D hadde plutselig eit prosjektet. Endeleg skjer det ting og tyske murere er på plass dagen etter, som lova. Dei klager litt på at "ihr Haus ist sher skeivt ,vi mussen ein bischen tilpasse" ,- vi er glade for tysk nøyaktighet og ordnung musst sein seier vi til dei. Sidan eg aldri fekk bruk for den innpugga tysk frasen min frå gymnaset, slenger eg på : "meinet wegen" og smiler. På fredagen baker eg boller til dei og alle er glade.

Nesten iallefall. Vi har snart gløymt at murer C ringer til oss og kjefter oss øyrene fulle fordi han føler seg forbigått endå så snill han hadde vore, og sidan han først er i gang ringer han like godt til murer D og kaller dei tjuvpakk og det som verre er. Vi skal gløyme det, men e det løye det vert krig? Sindige jærbuarar e kanskje ein myte? Eg ser ikkje vekk frå at ubåten som med ein feiltagelse har forvilla seg inn mellom dei holmane i den svenske skjærgården eigentleg var bestilt til eit oppdrag innerst i Gandsfjorden. Murarer dei har forbindelser og koder seg imellom. Murarlaug veit du. Når våre murarer, høgt oppe i stilaset og under presenning gaular f.eks. to vers av : " Hier kommt Pippi Langstrumpf- så er det klart det betyr noko meir enn berre det.

I mellomtida er vi no her og prøver å tenkje at alt er ein overgang. Vi veit jo at ingen liker dette. Det er jo ikkje heile livet det her oppussingsprosjektet. Når vi treff naboer og kjende prøver vi å snakke pittelitt om oppussing, - men mest om veret, at Sandes Ulf kanskje klarer seg og at det er så kjekt å vere heime igjen og sånn.  Men vi har for lengst passert punktet luta lei.  Inu er stressa av banking på veggane og menn i gule klær utanfor vinuene våre. Silja har hatt meir enn ein vanskleg morning der det nesten har vore umogeleg å få jevn og fin maskara på augevippene fordi murarar held på med slagboremaskin utanfor baderomsvinduet hennar. Amerika bobla har sprukke! 

Vi tenkte at vi må iallfall halde fred med kvarandre i denne tida.  I gode og vonde dagar er jo det som gjeld og dette er heilt klart litt av dei vonde. Det er likevel heilt umogeleg å ikkje krangle når det er som det er. Ei stund klarte vi å halde oss utanom tema ombygging. Då kunne vi td ha plommekrangel; Alv meinte det var mange blå plommer og eg visste at det kun var snakk om nokre håndfuller. Victoria derimot! 
Så krangle vi om kven som rote ting vekk for vi finn jo aldri det vi treng når vi må ha det. 
( Lys på sykkelen? Eg er sikker på det blei pakka ned i Usa! Det låg på badet i går! Kven har tatt i-pad lade ledning? Den kan jo ikkje forsvinne ut av kontakten sånn utan vidare! Kor er dei IRS papira,- du skulle jo skrive under.) Dette er nok gjengangeren. 
Denne fasen er passert og vi er no ueinige om det meste. Er det t.d.viktig å kalle  verktøy eller arbeidsoppgåve med riktig navn når det ikkje kan missforståast kva som meines. Eg meiner nei, Alv meiner ja.  Oppussing har aldri våre kjekt, - berre spør ein du kjenner.





Vil du vere med å måle litt med laseren? For 30 år sidan hadde eg kanskje oppfatta spørsmålet som eit fiffigt sjekketriks, men får eg spørsmålet i kveld har eg vondt i hovudet, magen, viljen og dessutan har ikkje hunden blitt lufta. 





Om vi overlever får vi kanskje skifer på taket og vindu før jul.  Om ikkje, - "kan vi jo berre bestille 14 dagers tur til Maldivene eller noge - det e jo en veldig enkel løsning!" -meinte Silja, vi satt i sofaen på kjøkkenet og åt middag.  - "men til nyttår vil eg vere tilbake i Sandnes altså! Det vil jo alle!" 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar