onsdag 16. november 2011

Eg er blitt bestemor.

Barnebarnet går under navnet Bønna, sjølv om det opplagt er ei jente. Mest truleg har ho eit fantastisk flott navn som Isabella Desiree eller noko liknande, men det har mora halde hemmeleg for oss her heime. Silja er mora, - ho er 13 år.




Dette er Bønna med og uten luve. Mora (Silja) nekta å la seg avbilde med Bønna. Hadde eg vore betre i photoshop kunne eg sikkert ha manipulert Bønna inn i armane hennar.


Eg har skreve under, på blått papir, at eg påtar meg bestemor ansvar. Kva som ligg i dette, er eg ikkje sikker på. Det må nok innrømmast at eg det siste året nokså ukritisk, utan å tenke meg om, skriv under på det meste. Amerikanarane liker underskrift frå foreldre, det vart tideleg klart for meg og eg gjer det eg kan for å tilfredstille systemet.
Sexual- og Prevensjonundervisning, tenkte eg då Dawn med eit alvorlig mine kviskra til meg at Silja kom til å lære om " how babies are made and things like that" i home-ec på skulen.  Home-ec heiter eigentleg Family and Consumer Sciences, - ikkje noko tull altså. 
Mrs. Hargis sa ikkje noko om dette då vi var på open dag på Beck. Då var det meir " nutrition, nutrition, nutrition" som ho meinte var dei tre viktigaste tingene elevane skulle lære. Den første timen med kjøkken laga dei rice crispies. Oppskrifta her er enkel; marsmallows og rice crispies +litt oppvarming, litt avkjøling og så er det "faktisk dødsgodt mamma!".
På arket vi fekk med oss heim står stod det at " our curriculum offers practical and useful information for the " real world" - and we have lots of fun. "
Bønna er eit skuleprosjekt der Silja skal lære å vise omsorg og ta ansvar for "babyen" sin. Ho måtte skaffe klær og smokk. ( det er kanskje her bestemor ansvaret kjem inn?) Babyen kunne ikkje bli lagt vekk, utan tilsyn, då fekk ho minuspoeng. Hensikten prosjektet? At det er tungt å bere ein baby rundt heile tida var opplagt. Om prosjektet hadde noko med sexualundervisning vart avvist bestemt. "Det er science det"- sa den unge mora. Dei hadde heller ikkje snakka noko om korleis ein kunne sikre seg at ein ikkje blei berande rundt på ein baby. " E du gal, de snakke ikkje om sånt her"







↑ Dette er Bønna og bestemora. Inu prøver seg med sitt velkjende "prøv-å- ta- reven -frå-meg"- triks, for å få oppmersomhet. Ho er villig til å kjempe for sin baby posisjon i familien.

Kva dei snakker om på skulen i desse viktige timane er ikkje godt for oss bestemødre å få greie på, men eg skulle gjerne visst kva dei sa til gutter i 7. og 8. klasse for å motivere dei til å bere rundt på ei 2,5 l brusflaske fylt opp med bønner og kledd opp med luve, smokk og tulla inn i et babyteppe ei heil veke. Alt desse lærarane får til!

Silja fekk topp karakter på prosjekt parenting. Om dette er godt eller dårleg resultat er eg usikker på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar