onsdag 16. november 2011

UGGS og HAUST

Før eg får spurt om det har vore ein fin dag på skulen, seier  Silja at vi må reise på til Katy Mills med ein gong. I morgon blir det kaldt og ho må ha nye UGGS.
Kaldt ver, det høyres nesten rart ut, -men vi er jo langt ut i oktober så litt haustver kunne ein jo ha etter lange,tørre og varme sommarmånader.
UGGS? Eg meiner at det ikkje er heilt nødvendig å rushe av garde, - at vi kanskje kan vente å sjå kor kaldt det vert. Kanskje blir det ikkje så kaldt heller og det er vel ikkje  så vanlig med Uggs her kanskje?  
Mamma,- alle bruker UGGS, og viss ikkje vi kjøper no, ja,- så er det plutselig varmt igjen? Det må eg vel forstå? Kanskje eg forstår, men eg ser på ein måte ikkje problemet.  UGGS/ Flipp Flopp?
Inni meg tenker eg at eg jammen meg ikkje er  ein lydig hund som ad lyder kommando, men det seier eg ikkje høgt, sjølv om hadde passa ganske godt å bjeffe litt.
UGGS vert sjølvsagt innkjøpt, - med knapp, - ute er det 30 varmegrader igjen. Sååå typisk?, -seier Silja.
Ho legg seg om kvelden og håper å vakne opp til drittver. Som den kjærlige mora eg er prøver eg å trøyste på ein heilt ny måte: Kanskje det vert driittver i morgon? Iallefall er det heilt sikkert at det vert litt meir haust enn berre dei to dagane som var i førre veke. Eg trur det!
No har vi i alle fall sko og er heilt klar for drittver, og vert det ein fin vinterdag kan vi jo bruke flipp flopp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar